Ivar Aasen reiste lengre enn Marco Polo, hadde bøker på minst 20 språk og hugsa alt han hadde lese éin gong. Han var bondesonen og vegarbeidaren som moderniserte Noreg, grunnla den nynorske diktekunsten og blei ein internasjonalt respektert språkforskar. Berre 22 år gamal bestemte Ivar Aasen seg for å finne det språket som alt var på folkemunne, og gjere dette til det norske språket. Offentleg sa han det først 16 år seinare, og laga seg ein grenselaust ambisiøst arbeidsplan. Lesaren blir med Aasen landet rundt og livet gjennom i arbeidet hans med å oppfylle planen. Rekk han det han må få gjort?
Historia om Ivar Aasen er standardverket som fortel mykje nytt og uventa om det du trudde du visste om Ivar Aasen. Ivar Aasen reiste lenger enn Marco Polo, hadde bøker på minst 20 språk og hugsa alt han hadde lese ein gong. Han var bondesonen og vegarbeidaren som moderniserte Noreg, grunnla den nynorske diktekunsten og blei ein internasjonaltrespektert språkforskar.
Berre 22 år gama! bestemte I var Aasen seg for å finne det språket som alt var på folkemunne, og gjere dette til det norske språket. Offentleg sa han det først 16 år seinare og laga seg ein grenselaust ambisiøs arbeidsplan. Lesaren blir med Aasen landet rundt og livet igjennom i arbeidet hans med å oppfylle planen. Rekk han det han må få gjort?
Ottar Grepstad (f. 1953) er direktør i Nynorsk kultursentrum, forfattar og hovudredaktør i Allkunne. Han har gitt ut over 25 bøker om språk og litteratur. historie og samfunn, kultur og politikk.
«Sjelden har jeg vel lest en biografiforfatter som viser ti lsvarcnd« o,rrsih.t og forståelse for sitt stoff.»