PORTRETT AV EIN FORLATEN UTOPI
DEN RUSSISKE GRUVEBYEN PYRAMIDEN var ein av dei største busetnadene på Svalbard. Men på slutten av 1990-talet vart byen forlaten og står no som ein spøkelsesny inst i Billefjorden.
Russarane reiste frå alt slik det var: I Kulturpalasset stod ti tusen bøker i hyllene, i kinoen var filmarkivet komplett. På sjulehuset var det medisinar i hyllene, og legejournaler låg oppslått. Det er som om folk når som helst skal komme attende og ta opp att arbeidet. I dei små husværa er det framleids møblar, og på barneromma heng bilete av gløymde artistar.