Ein dag bestemmer det vesle flekkmonsteret seg for å bygge ei harefelle. Den eine etter den andre går i fella, og snart er den smekkfull. Men kvar blir det av haren? Og kvifor ristar jorda slik?
Flekkmonsteret vaknar ein dag i mosehytta og kjenner at han har lyst på harekjøt! Dermed går han på biblioteket for å låne ei bok om harefellebygging. Snart har han fella klar, og sit sjølv nede i den og ventar.
Men kva er det som kjem deisande ned i fella? Ein rev. Og reven må bli i fella saman med flekkmonsteret, for veggene er for bratte! Og så dett det ned ei ørkenrotte. Og ein sebra. Og ein maur og mange andre dyr. Det blir eit yrande liv i harefella. Men haren let seg ikkje lure nedi!