Hans Jonas (1903-1993) er ein av dei viktigaste filosofane i Tyskland i det 20. hundreåret. Påvisinga hans av ein ny etisk grunnsituasjon har fått klassikarstatus. I hovudverket
Das Prinzip Verantwortung hevdar Jonas at all tradisjonell etikk er forelda. Tradisjonell etikk har konsentrert seg om våre næraste. Vi er opplærde til å fokusere på dei nære og kortsiktige konsekvensane, og difor har vi med det beste samvitet kunna svelte i hel millionar av menneske. Men i den teknologiske tidsalderen har makta vår over verda auka så radikalt at vi treng ein ny etikk. No må etikken reflektere over kva konsekvensar handlingane våre vil kunne få om 100 år og i eit globalt perspektiv.
Eit fascinerande aspekt ved Jonas er de nære samanhengen mellom filosofien og livet hans. Livet hans er rett og slett ei god filosofisk forteljing! Den unge jøden var gripen av krigspatriotisme då fyrste verdkrigen starta, men vart seinare rysta av det umenneskelege ved krigen. Han studerte under Edmund Husserl og Martin Heidegger i mellomkrigstida, og møte Hannah Arendt, ein venskap som skulle vare livet ut. Alle desse tre har på ulikt vis påverka Jonas' tenking. Jonas emigrerte til Palestina på 1930-talet og sloss som soldat gjennom heile krigen mot nazistane. Krigserfaringa skapte ei vending i filosofien hans. Kvar var svolten og redsla i den abstrakte eksistensanalysa til Heidegger? Jonas vart oppteken av mennesket som biologisk og moralsk vesen.
Med denne boka får endeleg norske lesarar ein introduksjon til Hans Jonas' viktige og tankevekkjande bidrag til moderne filosofi. På klokt og engasjert vis lar forfattaren liv og verk kaste ljos over kvarandre.