Ei mor køyrer med dottera fastspent i baksetet frå Oslo til staden ho kjem ifrå, ei bygd på Vestlandet. For dottera er det ein biltur gjennom timar og landskap, men for mora vert ei reise inn og ut av ulike tider, tilbake til heimstaden og oppveksten på eit lite gardsbruk. «Vassarv» er ein roman om å vera fire år, om å ynskja seg eit kjæledyr, om å oppdaga verda på eiga hand, om mora si sorg og glede over å sjå barnet sitt veksa opp. Det handlar om overgangane i livet, om brota som fylgjer med i den naudsynte lausrivinga på veg til eit eige liv, i dotterskapen og morskapen. "Vassarv" er ein rik roman, om minne, slektskap, tap og tilhøyrsle. Det er ei gripande og medrivande forteljing, full av subtile og kraftfulle rørsler mellom det kvardagslege og det storslegne, som aldri mistar av syne korleis livet brutalt går sin gang.
«Det er varmt, og svalene fyk over Schweigaards gate og Oslo fengsel, over steinskulpturar, sprøytespissar, fengselsmur, asfalt og sement, over piknikteppe med kiwi og melon, over løvetann, geitrams og stemorsblom. Svalene fyk over grøfta der gravemaskina grev Hovinbekken opp. Svalene fyk over tenåringen på elsparkesykkel i rushtrafikken, rullatorbrukaren, skaterane med brettet under armen, den gamle punkaren, fotballtrenaren, kassadama, læraren, åleinemora med tvillingvogn, frilansaren, sjukepleiaren, ungdomane med dunjakke i tett klyngje under skuret der 37-bussen kjem. På Harald Hardrådes plass rundar 37-bussen rundkøyringa og køyrer vidare nedover gata. Langs jernbanelinja kjem godstoget lasta med tømmer. Over Gamlebyen skole, Bispegården og klosterruinane fyk svalene. Svalene fyk nedover Dronning Eufemias gate. Svalene fyk over brua mot Sukkerbiten, Operaen og Munchmuseet og skiltet som seier at ingen må mata fuglane. I Gamlebyen, inni bakgarden, syng jentene høgt, og inni klatrestativet, i den vesle hytta, sit dotter mi.» Ei mor reiser med dottera frå Oslo heim til staden ho kjem ifrå, ei bygd på Vestlandet. Det vert ei reise inn og ut av ulike tider, tilbake til heimstaden og oppveksten på eit lite gardsbruk. "Vassarv" er ein rik roman, om minne, slektskap, tap og tilhøyrsle. Det er ei gripande og medrivande forteljing, full av subtile og kraftfulle rørsler mellom det kvardagslege og det storslegne, som aldri mistar av syne korleis livet brutalt går sin gang.