Boken handler om dikteren Olav Aukrust (1883-1929), som ga ut få, men mektige diktsamlinger. Aukrust var inspirert av Rudolf Steiner og antroposofien, han var folkehøgskolelærer , samla på bondeantikviteter og bodde det meste av sitt korte liv i Gudbrandsdalen. I boken går biograf Jan Inge Sørbø bak fasaden og skildrer dramatikken og tragedien bak diktermyten. Vi får blant annet innblikk i hvordan hans innfløkte familie- og kjærlighetsliv satt preg på diktningen hans.
Usminka og grundig biografi om ein av landets mest særmerkte og gåverike diktarar. Olav Aukrust (1883-1929) var av gammal bondeætt i Lom og budde det meste av sitt korte liv i Gudbrandsdalen. Etter få, men monumentale diktsamlingar vart han nærast genierklært. Han var lenge sterkt inspirert av Rudolf Steiner og antroposofien, og trass i dårleg helse arbeidde den markante og myteomspunne diktaren i mange år som folkehøgskulelærar.
Som litteraturprofessor har Jan Inge Sørbø særlege føresetnader for å tolke Aukrusts dikting, og som røynd biograf har han også evna å gå bak fasaden og skildre dramatikken og tragedien bak diktarmyten.
Sørbø har fått tilgang til mykje nytt materiale og utan spekulative undertonar får han fram korleis poeten Aukrusts innfløkte familie- og kjærleiksliv har sett spor i diktverka.