Ei samling kunsteventyr i forlenging av to ulike tradisjonar: den antikke dyrefabelen og det meir moderne H.C. Andersen-eventyret.
Forteljingane har ein felles motivkrins forelsking, kjærleik og lengt etter lykke og dei er skrivne med overskot, driv og styrke. Forfattaren hadde H.C. Andersen som favorittforfattar då ho sjølv var barn. Dette er hennar måte å helse denne diktaren på i det store eventyråret.