Forlaget skriver om denne boka:
Hausten 1940 drog Sigmund Skard og kona hans, Åse Gruda Skard, til USA og vart varande der til krigen slutta. Dei arbeidde båe i informasjonstenesta, både i norsk og amerikansk regi og på eiga hand.
I denne boka fortel Sigmund Skard om den utefronten som vart bygd opp på det nord-amerikanske kontinentet under storkrigen, og særleg om det organiserte arbeidet for å gi det amerikanske folket eit sant bilete av den norske krigsinnsatsen. Boka er ei historisk utgreiing, lågmælt og nøktern, men med sterke personlege innslag, særleg frå foredragsferdene vidt ikring i USA. Mange norske var engasjert i dette arbeidet, og på liknande måtar, men ingen av dei har fortalt om det før.
Boka er eit viktig tilskot til kunnskapen vår om eit avsnitt av den Norske Utefronten som det tidlegare er skrive lite om.