Opplysninger2
| 'Kva tenkjer vi på når vi seier skaping?' Med dette spørsmålet startar Jean-Luc Marion ei utforsking av korleis omgrepet har blitt smidd til gjennom den metafysiske historia, og korleis dette påverkar synet vårt på skaparkraft i dag. Kjem kunsten frå kunstnaren sjølv eller frå ein annan stad? 'Det var noko som skreiv i meg', har Jon Fosse sagt om eiga skriving. Kva er dette 'noko'? Marion ser på skapinga frå ein bibelsk ståstad: ikkje som produksjon, men som godleik, gåve og kjærleik. Dette gir oss eit nytt paradigme der kunstnarleg skaping er ein syns- og lyttemåte: 'Kunstnaren lukkast berre i å nå fram til det fullførte verket sitt ved å ikkje finne opp noko.' Denne boka er den skriftlege utgåva av Fosseforedraget 2025. Jean-Luc Marions Skaping er det fyrste bidraget i ei planlagd rekkje med foredrag om litteratur og kunst – ei satsing til ære for den fjerde norske nobelprisvinnaren i litteratur.
. - God, leselig skrift
|