Om livet, lykka og eit tilvære på bygda. Etter eit hektisk tiår i hovudstaden tek Agnes Ravatn mann og baby med seg frå Frogner og flyttar til den vesle vestlandsbygda Valevåg for å roe ned i permisjonstida. I eit forfalle småbruk utan Internett, omkransa av skog, fjell og sauer, milevis unna kulturandedammen i hovudstaden, snirklar dagane seg sakte forbi for den vesle familien. Kveldane går med til å drikke vin og samtale med den næraste naboen: vennen og forfattarkollegaen Einar Økland. Verda er ein skandale er stasjonære reisebrev frå eit halvår på bygda. Det handlar om lykke, skriving, det enkle livet og jakta på det perfekte knekkebrødet. Tekstane er lett omarbeidde versjonar av essay som har stått på trykk i Dag og Tid.
Etter ei rekkje hektiske år i Oslo reiser Agnes Ravatn med mann og baby frå Frogner til den vesle vestlandsbygda Valevåg. Planen er å få ei roleg permisjonstid, i eit nedslite småbruk utan internett. Omkransa av skog, fjell og sauer snirklar dagane seg sakte av garde for den vesle familien. Kveldane går med til å drikke vin og samtale med den næraste naboen, ven og forfattarkollega Einar Økland. Resultatet er denne boka, ei samling stasjonære reisebrev frå eit halvår på bygda. Det handlar om det enkle livet, skriving, lykke og jakta på det perfekte knekkebrødet.
-Dette var en bok jeg virkelig frydet meg over. Man rekker å bli glad i karakterene i de små novellene, før man gleder seg over de neste. Agnes Ravatn skriver på en lettlest og fengende måte. Bare å ta fatt på neste, så snart man er ferdig med denne!