FRA TIDLEG UNGDOM let Halldis Moren Vesaas (1907-1995) i stor mon livet bli styrt av to sterke krefter - diktekunsten og skodespelkunsten.
Ho vart ein av våre mest folkekjære lyrikarar, og for gjendiktingane av Shakespeare og franske klassiske drama av Racine og Moliere fekk ho mykje ros og fleire prisar. Mellom debuten i 1929 og fram til 1955 gav ho ut sju diktsamlingar, alle med eit sterkt kvinneleg subjekt og i eir lettfatteleg formspråk.
Den siste diktsamlinga, Livshus, kom ut få veker etter at ho døydde og vart ein av dei mest seide diktsamlingane her i landet nokon gong. Halldis Moren Vesaas skreiv også barnebøker, essays og to minnebøker om samlivet med Tarjei Vesaas.
Ho var dessutan aktiv i det organiserte kulturlivet både på lokalt og nasjonalt plan, og fekk for innsatsen sin Norsk Kulturråds ærespris.
I arbeidet med denne biografien har Olav Vesaas nytta eir stort og til no ukjent materiale. Biografien forte! om ein markant og sentral kulturpersonlegdom som levde gjennom nesten heile det 20. hundreåret. Med denne grundige og ærlege boka om mor si gjev han livaktige glimt frå oppveksten i Trysil, avgjerande år i Europa, møtet med Tarjei, samværet med andre norsk/, og nordiske kunstnarvener, reisene i utlandet og frå familielivet på Midtbø.