Følg Hanna Winsnes på
Flidens vei, eller bli med Annik Saxegaards
Pike i sølvgrå bil. Gjenopplev
Karius og Baktus, eller gå inn i Tormod Haugens
Slottet det hvite.
Norsk Barnelitteraturhistorie gir ei heilskapeleg framstilling av norsk litteratur for barn og unge gjennom 200 år. Ho syner utviklinga av skjønnlitteraturen, den kritikarroste og den populære. Boka gir òg plass til fagbøker for barn og drøftar korleis media har påverka barneboka.
Norsk barnelitteraturhistorie viser samspelet mellom barnelitteraturen og dei rådande normene i skole, bibliotek og i den litterære institusjonen - og viser korleis litteraturen svingar mellom oppseding og kunst i takt med at synet på barn og barnekultur endrar seg.
Norsk barnelitteraturhistorie er standardverket for alle som er interesserte i barnelitteratur.
Boka er gjennomillustrert, og inneheld ein komplett bibliografi over alle forfattarskapane som er omhandla.