1. utg.: 1990
. - Denne boka kom ut første gong i 1990, men kjem nå med nye illustrasjonar. Det handlar om Kristoffer på åtte år, som ligg i senga si og grublar over universet. Slutar det nokon stad, eller ikkje? Boktittelen spelar både på tenkjaren Kant og på den kanten på verdsrommet som guten undrar på om fins.
Forlaget skriver om denne boka: Eg heiter Kristoffer, og eg er åtte år gammal. Eg lå nettopp og tenkte på verdensrommet. Verdensrommet er noko eg ikkje kan forstå. Eg kan ikkje forstå at det er uendeleg, for alt har jo ein ende, alt har ein kant, ein eller annan stad. Men viss verdensrommet endar, kva er då etter der det endar? Kanskje ingenting, men kva er så ingenting?